fredag 1. april 2011

Våren kjem :)

Har nettopp komt heim frå Spania der vi fekk smaken på vår. Litt nedtur å kome heim til snø, men sola er her då i det minste! Ej er sikker på at våren er rett rundt hjørnet :) Men det negative med våren er at ej får ekstra lyst til å forandre på alt mulig! No er ej i ferd med å skape altfor stor misnøye med mitt svarte golvteppe, plutslig var ikkje dei lilla gardinene så fine lenger, og kvifor skal alle dei flotte pynteputene vere so himla dyre!? Og på toppen av det heile så har eg sett for meg å male eit par av veggane i stua, for å få det litt kosleg, men kva farge og er det egentlig lurt? Ang gardiner, så er det mi store last! Har MANGE ubrukte gardiner, som berre ligg der. Fordi ej har handla, og så ombestemt meg... Egentlig hadde ej lyst på sand farga gardiner, men bestemte mej plutslig i butikken for å vere litt crazy og handle lilla. Var flott i haust, men no.... nei ej veit ikkje heilt... Om nokon ser nokre lengder i sand på sal, så hyl ut ;) Ej kan jo alltids sei til mannen at ej vann dei ;)

Ha en super solfylt dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar